Dette er ein hææærlig blogg!

Nei, ikkje denna.

Men DENNA!

Blir ikkje noe blogging på meg i dag, fordi eg er travelt oppteken med å rydde heime. Viss eg gidder legg eg ut bilder seinare.

 

Snakes!

Skifail på fjellet - med fine bilete!

 I dag skulle eg på fjellet og stå på ski, så eg grov fram skiskoa frå haugen i gangen der sola aldri skin, flekka med meg ski og stavar, hoppa i skinbuksa og tenkte eg skulle få gli på snøen for første gang på årevis. NOPE. Eg steig ut av bilen og jokka skiskoen fram og tilbake på skien, men den bare avvsiste meg. Flaks at eg hadde med ei venninne. Vi gjekk tur uten ski i staden for, og spiste snop i sola. Det blei koselig likavel. Ein må sjå det positive, har eg høyrd. Men faen heller, eg skal opp og stå på ski ein dag.

 

Ein dag.

 




Oppgåverettleiing

Eg veit ikkje med deg, men eg får alltid skikkelig prestasjonsangst når nokon skal lese det eg har skrive. Eg er livredd for å ha skrive noko feil, for å ha bomma totalt på noko teoretisk, for å ha misforstått oppgåva. Eg blir lett flau over sånne ting. Veldig lett. Men på rettleiing må ein uansett. Spesielt spennande blir det når eg er så engasjert i det eg driv med!

Oppgåva mi handlar om dialekta mi, og korleis den høyrast ut, for å gi ei veldig kort forklaring. Eg har intervjua ein heil bråte med folk, og det har vore usannsynleg moro! Både eldre og yngre har stilt opp utan problem, og overaust meg med informasjon dei trur eg kan bruke i oppgåva. Og for kvar gong eg har sett meg ned med mikrofonen foran meg har eg følt meg litt meir tilpass. Eg høyrde på dei tre første intervjua eg gjorde, og herrejemini kor flaut det er å høyre kor awkward eg eigentleg er! Haha!


^Følte meg berre hakket mindre klein enn han der

Men det blir lettare for kvar gong, kjenner eg, elles trur eg at eg hadde permanent skifta residens til under ein stein i skogen og berre snakka med småfulgane resten av livet mitt. (og til dei som har snakka med meg IRL og lagt merke til kor rar eg er: no veit eg korleis du følte deg. Meir eller mindre.)

No har eg faktisk skribla ned eit heilt A4-ark med notat og spørsmål til rettleiaren, håper ikkje eg tar sånn av at ho blir skremt. Eg trur ikkje det, ho skriv doktorgradsavhandlinga si om om lag det same som det eg skriv om. Eg er nervøs, visar det?

(det går bra, pust for faen)

Faglitteratur, det skal ikkje vere så vanskeleg

Eg veit ikkje kor mange av dykk som studerar, men eg kjem til å rekne med at iallfall ein del av dykk gjer det. Og om dere, som meg, studerar eit lite fag i norsk samanheng, er det ikkje sikkert at det er pensumbøker på norsk tilgjengelege. Dette er noko eg syns er greitt, forsåvidt, sidan det kostar pengar å oversetje og trykke bøker. Det er i staden irriterar meg over, er folk som skriv så andre ikkje skal forstå. "Kva meiner du?" spør du kanskje, "det er jo eit vitskapsspråk du bare må lære deg?"

NEI. Det fins flust av gode bøker på engelsk du ikkje treng bachelor i engelsk tolking for å kunne lese. Ta eit døme; vi har eit fag som heiter "Typologi", som handlar om ting ein kan sei er felles for alle språk, eller iallfall store grupper av språk. Dette faget skal eg skrive bacheloroppgåva mi i. Problemet mitt er at boka som er pensum ikkje kan lesast. Iallfall av meg. Det er andre som greier det, men som eg veit generelt hr både meir tolmod enn meg, og er flinkare til å nøste saman ting som høyrer saman. Det greier ikkje eg, ikkje litt eingang. Om du skriv avsnitt der det virkar som du motseier deg sjølv iallfall to gonger, der du lovar å kome tilbake til tre ting utan at du greier meir ut om det, og der du eigentleg aldri gir nokon forklaring på noko anna enn mellom linjene, då er du ikkje ein spesielt god forfattar. Eg orkar ikkje å sitje å bla fram og tilbake utan å bli noko klokare.



Flaks at Kobo fins. Flaks at nokon i klassen min er einige med meg (og som er engelske, slik at boka er på deira morsmål!), og finn alternativ. Ein kan argumentere både for og mot det at ein må søke litteratur utanom pensum; på den eine sida bidreg det til sjølvstendig tenking, og evna til å reflektere over kvifor nokre bøker er bedre enn andre, på den andre sida kostar det pengar. Og ikkje få meg begynt på stipend! Stipendet mitt dekkar ikkje husleiga mi eingang, så eg må jobbe heile sommarferien for å greie meg utan å ta opp hundretusenvis i lån. Nok om pengar, meir om dårlege bøker. For meg fins det ikkje ein meir effektiv engasjementsdrepar enn bøker du griner i frustrasjon når du les. Og eg er veldig engasjert. Alstå, bare nokon nevner lingvistikk, språkvitskap, språk i det heile tatt:



True story.

Så poenget mitt her er; gidd å lage kjedelige bøker når faget er så kult da. (eg kjøpte forresten den andre boka og las den ut på ei halv veke. eg er framleis på kapittel fire på den andre, men bare fordi eg dreit i kapittel tre.)

Dette reflekterar forresten mi haldning til faglitteratur forøvrig. Eg hatar folk som prøver å gjere seg betre enn det dei er ved å bruke masse fancy ord og uttrykk. Og det er ikkje fordi ordforrådet mitt er haltande, men fordi det får deg til å virke som ein rævhatt. Og viss du lurer på kva ein rævhatt er, så er det ein person som har dytta hovudet sitt så langt opp i ræva si at vedkommande ikkje ser og høyrer det som er rundt seg. Du er ikkje betre enn andre fordi du skriv faglitteratur. Du er betre enn alle andre viss du viar delar av livet ditt til å hjelpe andre, meiner eg. Og det gjer du ikkje når du skriv uforståeleg. Det blir litt sånn "herp derp, eg veit alt detta, men det gjør ikkje du, lol, ikkje eingang etter å ha lest boka mi".

Eg har lest mykje faglitteratur. Eg har lest mykje bra faglitteratur, som legg fram fakta, forsøk, tabellar, alt på ein god måte. Det går an. Det går fint an. Det er vanskelegare å gå inn for å vere ein rævhatt enn det er å faktisk skrive forståeleg.

Argh, det utvikla seg til raging i dag og. Ok. Men no er eg ferdig. Velkommen igjen, eller kva det no heiter.

 

Also spørsmål! Blir du litt sint/forbanna av folk som skriv for ikkje å bli forstått?

Rom for språk - mitt språk

I helga var eg på konferanse om språk på Litteraturhuset i Bergen. Namnet på konferansen var "Rom for Språk", og handla om at det skal vere plass til alle språk, kort fortald. Nokre av innlegga handla om dei kognitive fordelane ved å kunne fleire språk, andre argumenterte for korleis desse fordela óg gjaldt dei som meistrer fleire variantar innanfor eitt og same språk, som norsk. Andre innlegg igjen handla om retten til språk. Mitt innlegg i dag trur eg må bli ei lita reflektering over språket mitt.
Eg har alltid vore veldig medvite mitt eige språk. Med ei diktarmor er det kanskje ikkje til å unngå. Eg skriv konsekvent nynorsk til andre. Men det har ikkje alltid vore slik:





Då eg var lita, las eg utruleg mykje. Som medlem i Pennyklubben fekk eg heile tida påfyll av bøker (av varierande litterær kvalitet) som handla om det eg likte best; hestar. Problemet var at alle desse bøkene var skrivne på bokmål. Eg fekk berre bokmålsbøker. Ei nynorskbok ein gong, men omslaget var så ekkelt ufresht at eg aldri gadd å lese den. Så når eg skreiv sjølv, skreiv eg bokmål, fordi eg følte eg kunne uttrykke meg betre på det språket. Og eg skreiv mykje. Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong ikkje har skrive sjølv. Skriftspråket har alltid vore der når kreativiteten min har kicka inn og bare "LAG NOE DA!".

Då eg vart eldre, altså typ tolv-tretten år vart eg med på neopets.com, der eg møtte folk med liknande interesser som meg. Og der var andre som var kreative. Men språket var engelsk. Eg har aldri hatt problem med engelsk, altså. Men i den perioden skreiv eg veldig mykje, og alt skreiv eg på engelsk. Eg brukte ord, frasar og formuleringar eg hadde sett andre bruke, og utvikla såleis min eigen skriveengelsk, som eg har halde ved like sidan det ved jamnleg å skrive ein engelsk tekst, når humøret (og temaet) krever det. Eg følte at engelsk var mitt språk, fordi eg følte eg kunne uttrykke meg betre på det språket.

Bokmål gjekk eg aldri tilbake til, av ein viktig grunn: Lene Kaaberbøl sine bøker om Skammarens dotter. Vi fekk den første boka utdelt i sjetteklasse(?) i eit les-meir-prosjekt, og eg var frelst. Eg forelska meg så intenst i den første boka at mamma bestilte dei tre neste over internett til meg. Denne opplevinga, dette så intense behovet for å lese noko at ein faktisk ikkje kunne vente til dei kom til den lokale bokhandlaren, den har merkt meg. Og eg las. Eg las alt. Fleire gonger. Og desse boka var oversette til nynorsk. Brått var nynorsk eit språk eg kunne like. Og eg skreiv framleis på engelsk og, men for første gong skreiv eg på nynorsk og. Og det gjer eg framleis. Eg føler det er mitt språk.





I samband med ei oppgåve eg skriv om dialekta mi, har eg vore nødt til å skape eit enda større medvit om mitt eige språk, og eg merkar at eg skriv dialekt meir og meir på Facebook og på meldingar til folk eg kjenner. Dette måtte eg faktisk øve litt på, for det var unaturleg for meg å skrive noko anna enn nynorsk. Dette trur eg har ein samanheng med noko ein av innleggshaldarane på konferansen nemnde: at ein gjerne har ein stemme i hovudet når ein skriv eit språk ein ikkje kan så godt, det vere seg bokmål eller nynorsk, og at dette ikkje er DEG nok. Stemma i hovudet mitt når eg skriv bokmål er ei nokonogseksti år gamal 'fin frue' frå Paradis i Bergen. Ho er ikkje meg. Eg har inga anna stemme enn mi eiga i hovudet når eg skriv nynorsk. Eg trur det er det som gjer at eg skriv så lett på nynorsk; at det ikkje må gjennom korrekturen til Paradis-frua.

Eg er utruleg lite ambisiøs med denne teksten, men eg håper iallfall eg kan bidra litt til å gjere deg meir medviten og oppmerksam på språket ditt, slik eg har blitt meir medviten på mitt.

Ha ein chill dag vidare!

(jepp, ikkje noko raging i dag. Eg sparar det til ein anna gong :))

 

(bilete frå: http://www.aacc.edu/creativewriting/image/writing-2.jpg, http://bloggfiler.no/lesegal.blogg.no/images/732932-7-1268837089441.jpg)

Kjære KK, eg er litt oppgitt

Altså, eg skjønnar at ein er avhengig av gode lesartal for å overleve. Men var verkeleg den første overskrifta eg såg då eg gjekk inn dit i dag "Sushi kan gjøre deg tjukk"? Verkeleg?

Eg er ikkje ernæringsekspert såvidt eg veit sjølv, men kan ikkje ALLE matvarer gjere deg tjukk? Med unntak av stangselleri, som uansett ikkje er godt i det heile tatt? Hadde eg trykt i meg avokado til det taut ut øyrene mine hadde eg nok blitt tjukk av det og. Du veit, mykje fett i avokado og alt det? Det største problemet mitt med artikkelen er at dei oppgir kor mange kaloriar det er i ein maki, altså i ein rull. Veit du kor mykje det er? Tilsvarande TRE brødskiver! Holy fucking shit! Og brød som er så farlig og!



^Denne kan gjøre deg feit.

 

Er ikkje sushi middag? Eg har aldri spist sushi som noko anna enn middag. To rullar, så er eg så mett at eg kanskje ikkje greier dei tre siste bitane. Eg et det av og til til lunsj, men da berre ein rull. Er ikkje tre brødskiver ein lunsj? Eg skjønnar ikkje dette, KK, hjelp meg å forstå det! Blir eg feit no? Stress!

Vidare, KK. Dere sier at du kan kle deg slank ved hjelp av eit belte. Ok, flott, eg likar belter og definisjonen dei gir midja mi. Belter er kult. Kanskje eg kan plukke opp litt tips frå artikkelen? Nei, tydelegvis ikkje. Hjelp meg å forstå logikken her, for eg skjønnar den ikkje. KK seier du kan sjå slankare ut ved hjelp av eit belte. Og freshare. Fresht er bra, sant?


^Ho her treng tydelegvis eit belte for å sjå slankare ut? (foto frå All Over Press)

Skjønnar du kva eg meiner? KK, den bildeserien om korleis du knyter beltet, der du aldri ser heile resultatet(!) er ikkje godt nok. Dette er det biletet dei brukar for å illustrere at du kan kle deg slankare. Jepp, den tynne modellen der skal vise MEG korleis EG kan kle meg slankare. Eg veg garantert dobbelt så mykje som modellen, er sikkert dobbelt så brei. Ikkje misforstå meg, det er ikkje det at eg ikkje likar tynne jenter. Poenget mitt er at ho treng ikkje å 'lure' seg slankare, fordi ho allereie er slank. Bruk ei som har litt ekstra kilo på kroppen. Vis at du ser smashing ut med belte sjølv om du veg meir enn 50 kilo. Plis?

Den neste tingen eg fann ut var at *gisp* - nå er ikkje rumpe lenger det guttar vil ha! What! Eg som trudde rumpeguttar og puppeguttar var korleis ein definerte menn! Vis meg den mannen som seier nei til ei damerumpe, og eg skal vise deg ein løgnar. Trur du meg ikkje? Eg sjekka.

Oi da, har dere i det heile tatt snakka med guttar om dette, KK? For det hadde vore, eg veit ikkje, smart? Joda, eg skjønnar at artikkelen er magerelatert, men du kan ikkje lyge i overskrifta di. "Rumpe er ikke lenger det gutter vil ha" betyr jo "guttar likar ikkje rumpe lenger". Skjerp dere, KK. Alvorlig talt.

Det få vere dagens raging. Det betyr ikkje at det ikkje kjem meir, sjølvsagt. Og kven veit, når eg har fått ut all aggresjonen, kanskje eg blir ein roleg og snill person? (ja særlig.)

Om bilete på facebook, og kvifor du er ein rævhatt

Kjære alle saman. Vi er samla her i dag for å snakke om kor totalt tilbakeståande enkelte av dykk er i møte med bilete på facebook.

Bakgrunnsinfo; under kvart bilete får du tilbod om å like eller dele biletet. Nokon bruker dette for å promotere seg sjølv.

Døme:

Bilete av ei ku og ein kalv. Tekst: lik om du er glad i mammaen din. Ignorer viss du hatar ho.

OK, tenker ein kanskje. Eg hatar jo ikkje mammaen min. Eg syns tvert om at mammaen min er eit dugandes menneske. Så du likar biletet, eller verre, delar det. Kor ligg logikken i dette? Eg assossierar det med ein gang med kranglar mellom barn i ein barnehage. Om du har jobba i ein, som eg har, eller vore innom, eller gått i ein, har du garantert vore borti ein slik krangel. Den utspelar seg om lag slik:

Barn 1: du er blå i fjeset!
Barn 2: nehei!
Barn 1: joho!
Barn 2: neihei!
repeat til noen kommer og seier det innlysande: "Det BLIR ikkje sant sjølv om Barn 1 seier det. Er du blå i fjeset? Nei. Er du blå i fjeset når han seier du er blå i fjeset? Nei."

Er det automatisk sant at du hatar mammaen din sjølv om du ignorerar eit bilete som originalt er lagt ut av ein du ikkje kjenner, og som sikkert ingen av dine facebookvennar kjenner, og sikkert ingen av deira vennar kjenner? Nei, for faen. Du kan fint BÅDE vere veldig glad i mammaen din, samstundes som du ignorerar slike bilete SLIK DU BURDE. Eg gjer det heile tida. Det er garantert ingen som kjem til å gå inn på profilen din, bla seg gjennom alle postane dine, kome til endes og tenke "Shit, er ho ikkje glad i mor si? Ho har jo ikkje delt eit einaste bilete??"
Men vent, seier du. Det er jo fint at verda veit at du er glad i mor di? Fint for deg, men for å vere heilt ærlig trur eg verda forøvrig gir grundig faen. Eg veit EG gir grundig faen. Og er det ikkje mogleg å uttrykke gjennom å gi mor di ei gåve? Ringe ho og seie "hei, eg er forresten veldig glad i deg"? Gi ho ein klem? Treng verda å vite akkurat kva du føler heile jævla tida? Eg gjentek, eg gir faen, men du får tru kva du vil.

 




 

Neste døme er bilete av maltrakterte bikkjer, halvdaude ungar med store misdanningar både i fjeset og ellers, og mishandla kattar uten øyrer. Kvifor skal du på død og liv like og dele slike bilete? Fordi "1 like = 1 prayer"? Eller "1 like = 10 punches to the one who did this, cryface"? Kjempeoverrasking, du sender ikkje ein bønn med mindre du, eg veit ikkje, faktisk ber? Og uansett, kva godt gjer ein bønn? Eigentleg? Er det så vanskeleg å sjå at desse folka som legg ut desse bileta høstar likes og blir populære? Dei er altså ikkje spesielt bra menneske, som utnyttar folk sin sympati for folk og dyr som har det vondt for å få noko sjølv. Og "like for x, ignore for y", der y er noko ingen likar, eller alle hatar. "Like for Mother Theresa, ignore for Hitler". Eg skjønnar seriøst ikkje folk som ser på det og tenker "Gubban, her må eg visst trykke på liker, gitt! Kankje la noen tru eg likar Hitler ass."

 




 

Og ikkje begynn på dømet med Playstation 4-betaen. Sjølvsagt er du med i trekninga om å bli betatestar om du berre likar og deler eit bilete. Stor overrasking om du var ein av dei som trudde på dette:
Du vinn ikkje betatestarstatus ved å like eit bilete.
Du vinn ikkje ein iPhone ved å like eit bilete.
Du får ikkje ein gavepakke til verdi 50kr ved å like eit bilete.
Du får ikkje sjansen til å vinne ein bil ved å like eit bilete.

 


^Om du syns dette ser forlokkande ut, er du sannsynlegvis ein idiot.

 

Ser du ein trend? Det å like eit bilete er nettopp det- du visar at du likar og er einig i det som er på biletet. Eg har tatt mitt standpunkt. Eg likar ikkje bilete av mishandla kattar. Eg likar ikkje bilete av deformerte spedbarn. Og eg likar IALLFALL ikkje bilete som ber meg like det. Av prinsipp. For altså, viss du må be folk om å like noko, er det sannsynlegvis ikkje verdt å like, for då hadde folk likt det av seg sjølv.

Konklusjon: skjerp dere.

Les meir i arkivet » April 2013 » Mars 2013
sushimonster

sushimonster

22, Bergen

Eg har fått høyre at eg treng å vere mindre negativ, så då skriv eg alle negative ting her. Fordi eg kan.

Kategoriar

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarar

Lenker

hits